Kråkeroe-staulen

Kråkeroe-staulen ligg i lengst nord i Seljord kommune, 930 moh. Naturen her er spesielt vakker, med vatn og tjønnar omkransa av rike beiteområde. Det har vore staulsdrift på Kråkeroe i hundrevis av år. Kulturlandskapet rundt staulen er forma av samspelet mellom mennesket og natur gjenom fleire tusen år, og ein finn mange kulturminne frå langt tilbake i tid.
Drivarar
Staulen blir i dag drifta av familien Nordstoga-Aasan som har drive staulsdrift på Kråkeroe i 23 sommrar (1978-1981 og 1993-2011. I 2007 vart det bygd eit nytt meieri med mjølkestall. Sjølv om fasilitetane og utstyret er moderne, blir produkta handverksmessig framstilt med største omtanke.

Driftsperiode
Kvart år i månadsskiftet juni/juli, flyttar folk og fe frå Sundbø i Flatdal til Kråkeroe. Alle er glade for å koma til fjells, kyrne gledar seg fridomen og over det gode fjellbeitet og folka gledar seg over roen, freden og harmonien ein finn på staulen. Driftssesongen held fram til Dyrsku'n, andre helga i setember.

Produksjon
Kyrne blir mjølka i mjølkestall morgon og kveld og mjølka går i rør rett inn i produksjonslokalet vegg i vegg, her blir den rike mjølka foredla til smør, rjome og knåost. Her kan ein i høgste grad snakke om kortreist og rein mat.

Sal av staulsprodukt
Det er opne staulsdagar med sal av staulsprodukt, måndag, onsdag og fredag. Produkta kan ein også kjøpe i butikkar både i Seljord og på Rauland.