Trollkatten

Denne artikkelen er skrive med utgangspunkt i Svale Solheims kapittel om trollkatt i boka Norsk sætertradisjon frå 1952. [1] Boka er tilgjengleg digitalt på Nasjonalbibliotekets nettsider:

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010102605044

Trollkatten, slik den tradisjonelt har vore beskrive, var ein liten garnøsteliknande ball, som trilla seg framover. I Stjørdal beskriv dei trollkatten slik: "det var et levende vesen, som man kunne ta i sin tjeneste for å gjøre skade på andres kreaturer". Det fysiske utgangspunktet for trollkatten blir av ei mindre overtruisk kilde forklara slik i Solheims bok:
"Han forklåra då at dette måtte vera hår som ei ku hadde sleikt i seg etterkvart, og som hadde tulla seg saman i magen, til kua hadde kasta opp ballen"

Trollkatten var fyrst og fremst ein tjuv, den stal budrått. Den kunne stjele båe mjølk, rømme og smør, etter instruksar frå eigaren, som helst var ei kjering. Dei kjeringane som hadde trollkatt er det me i dag ville kalla ei heks, den gong vart dei helst omtala som trollkjeringar. Når trollkatten kom heim gulpa den opp igjen herligheitane den hadde samla på sine nattlege raid. Trollkatten var naturlegvis mest aktiv på seterane om sumaren, når det var mest budrått å hente (pga. sultefôringsprinsippet blei det lite/ingen mjølk på vinterstid) [2].I likheit med tjuvar flest føretrakk trollkatten å arbeide om natta, når misgjerningene blei skjult av mørket.

Ei anna kjelde beskrivi detalj kva trollkatten var laga av: “sundagsklipte negler, sundagsklipt hår, sundagsmurde skor, eir tå kyrkjeklokkene - skrapa av ein jonsokkeftan, kyrkjegardsjord”. Kjelda fortel vidare at eigaren måtte gje den onde (djevelen) sjela si for å gje “svinedommen” liv. Hos enkelte gjekk frykta for at deira avklipte hår og neglar skulle gå til trollkattproduksjon så langt, at dei brente slikt legemleg overskotsmateriale.

Trollkatten og eigaren var nært knytta til kvarandre. Trollkatten var ein slags manifestasjon av den “vonde hugen” hos eigaren, noko som gjenspeglar seg i førestellingene der skade påført trollkatten, også rammer eigaren. Ei forteljing i Svale Solheims bok illustrerar dette nære bandet mellom trollkatt og eigar:
"Best han står og slår, kjem det ein svart skapning trillande i graset. Mannen høgg til med ljåen og skjer trolltyet tvert av. Så slo han i time etter time og undra seg over at han aldri ble ropt heim til middag. Sistpå blei han lei og gjekk sjølvbeden heim. Der sat kjerringa hans på grusstein med ein kniv i handa og ein fisk mellom knea, som ho hadde halde på å skjera i gryta - steinduad. Det var hennar trollkatt han hadde drepe."

Det berettas om ulike måtar å sparke liv i trollkatten, men vanlegvis inneber ritualet nokre dråpar blod og våbønner. Eit eksempel på eit slikt rituale fra Frol, Skogn og Verdal: “Den som hadde laga trollkatta til, skar seg i fingern og smurde blodet på trollkatta og sa: “No har eg gjett deg kjøt og blod, og so får Fanden gje deg liv og ånd”.

Trollkatten kunne etterlate seg spor der den for forbi og der den verka. Eit indirekte spor var sjukdom blant buskapen. Men den kunne også etterlata seg direkte spor. Spora låg helst att på graset, på ein stein eller i buskar, og såg ut som små smørklattar. Slike smørklattar i naturen blei forklåra med at trollkatten hadde blitt for grådig og tatt med seg meir smør enn den evna å frakte med seg, derfor hadde den gulpa opp ein klatt. Sjølv om trollkatten for lengst er henvisa til historiebøker og museum som ein kuriostet frå gamle tider, kan spor etter den fortsatt observeras i skogen. Dei smørlignende klattane er nemlig visse arter sopp, og ofte var det snakk om den sære slimsoppen. Slimsoppen blir i dag omtala med same navn som i gamal tid: trollkattsmør, trollsmør, eller trollkjerringsmør.
Trollkatten var eit av mange element som truga ein god setersommer. Den store angsten for skadetrolldom gav seg utslag i mottiltak, her er trollkatten ikkje noko unntak. Råda var mange og gode: bålbrenning, skyting i fjoset, stål, korsmerking og søndagsaske blei føreskreve som botemiddel. Men trollkatten og eigaren kunne også straffast ved å slå på trollkattsmøret med pinnar frå ni tretypar, tri slag frå kvar kvist gjorde susen. Brenning av trollkattsmøret skulle ha same effekt. Det å angripe trollkattens etterlatenskapar direkte hadde den heldige bivirkning at eigaren måtte koma til staden. Dette antakast å ha samenheng med det nære båndet mellom trollkatt og eigaren. Når trollkattas rette Frue dukka opp, skulle vedkommande bli slått over kjeften så blodet skvatt, då mistet trolldomskunstnerska si makt. Eit anna råd i tilfelle trollkatten dukka opp, gjekk ut på å ta av seg den venstre skoen, og kaste denne etter trollkatten.

Forteljingane om trollkatten er mange og varierte. Den blir sume stadar kalla: smørkatten, smørharen, skratten, tussen eller pukharen (Solheim: 320)
I saka mot Helle Jonsdatter, 1652 i Sandsvær (Kongsberg), kjem det fra at ho ved hjelp av trolldom har stole smør frå ein bonde i bygda. Sjølv om ordet trollkatt ikkje er å finne i avhørsreferata, kan me gå ut frå at det var snakk om ein trollkatt. Avhørsreferata blei transkribera i 1931, ei digital utgåve av transkripsjonen kan sjåast her: www.edd.uio.no/perl/search/media_fil.cgi?id=9459879



Kjelder
1. Solheim, Svale: Norsk Sætertradisjon , 1952. Bergen. s. 320 - 339
2. Stigum, Hilmar: 1956, “Det gamle melkestellet”, Seterliv. Den norske turistforenings årbok 1956, s. 143

Bilete: Trollkattsmør (Fuligo septica). Teke av Tomas Čekanavičiu