Hulderfolket

Hulderfolket hadde sin bustad under bakken, dei var underjordiske, men kunne ferdas og virke i menneskeverda, synlege såvel som usynlege. Dei likna på folk, men jentene hadde kurumpe med hale, karane var helst små av vekst . Hulderfolket hadde ei tvetydig stilling i folks bevisstheit, dei var i sin natur tilbøylege til det onde, samstundes som dei innst inne lengta etter det gode, etter lyset. (Ile: 138)
Hulderfolket blei bruka som forklaring på kvifor ein reiste heimatt frå setra på hausten, den såkalla buferda. Det var nemleg slik i fylgje tradisjonen at om vinteren skulle hulderfolket innta seterhusa og bu der vinteren igjenom. Datoen ein skulle heim variera frå område til område, men krossmess (14.9) var mange stadar den “magiske” datoen. (Hodne: 176) I eit av versa i Edvard Storms dikt Heimreise frå Sæteren står det :

Farvel hulder, som der budde!
Fløt naa du ti sæle ind;
Vinters tid æ ilt aa ligje
ute baa for vær og vind
(Bull: 40)

Når ein ny setersesong starta etter ein lang vinter med hulderfolk i seterhusa, måtte ein rekultivere og gjenerobre setra på ein måte som gjorde at ein ikkje kom på kant med dei underjordiske. Ørnulf Hodne skriv i Norsk folketro: “Først banket de på døra; når de kom inn hilste de goddag eller Guds fred, og spurte om de kunne få være der med buskapen om sommeren og bruke husene. Glemte de dette, provoserte de huldra og risikerte represalier.”

Hulderfolket høyrde eigentleg med til mørkekreftene, men hadde eit indre ynskje om lyset, det gode (Ile, 1956, s. 142). Denne dualismen finn ein også igjen i dei ulike formene for førestellingar knytta til dei underjordiske. Hulderfolket kunne vera ei destruktiv kraft, men dei kunne også vera lykkebringande. (Hodne: 165).
Festellet til hulderfolket skulle etter tradisjonen vera framifrå. Buskapen deira var friske, feite, fine og gav godt med mjølk. Slike førestellingar var ledestjerner for fehaldet til vanlege folk; om dei bare stelte buskapen sin godt, og samstundes haldt seg inne med dei underjordiske, skulle dei bli rikeleg belønna med friske dyr og god avdrått. (Hodne: 166). Huldraforteljingane satte opp sanksjonsmidlar mot den som ikkje fylgde tradisjonen.

Førestellinga om huldra regulerte altså tilsynelatande kvifor og når ein måtte dra heim frå setra om hausten. Naturtilhøva og klima satte sine åpenbare begrensningar for kor lenge ein kunne bli, men hensynet til Huldra vart den utalte årsaka. Ein finn også andre døme på korleis førestellinga om hulderfolka forma seterdrifta, kveldvart var eit begrep som verka atferdsregulerande på døgnrytmen.

Kveldvart
Det var ei utbreidd førestelling at hulderfolket hadde sine dyr og mjølkestell på same setra som vanlege folk (Ile: 142) Eit av råda for å ikkje terge det parallelle huldersamfunnet, og sikre ein god sameksistens på setra, var å unngå bråk og uro når kvelden kom, dei kalla det kveldvart. Ei anna førgjerd for å sikre kveldsroa var å stikke gras inn i, eller låsa kubjølla med ein pinne, slik at den ikkje skulle støya (Solheim: 350)
Laga ein bråk kunne ein risikera at hulderfolka laga bråk seinare på natta, eller enda verre: hulderfolka kunne hemne seg ved å øydeleggja krøterlukka og -trivnaden. (Solheim: 352)
På same måte som historiane om draugen kunne halde borna borte frå den farlege fossen, kan ein ane liknande mekanismar for sosial regulering i førestellingane om hulderfolket. Dette kan sjåast i samanheng med at arbeidsdagen på setra starta grytidleg, og det var difor viktig å falle til ro og koma seg tidleg i seng for å oppretthalda ei effektiv arbeidsordning (Solheim: 352). Hensynet til husdyra er enkelte stader oppgjeve som begrunninga for å vera kveldvar, men denne begrunninga høyrer med til unntaka (Solheim: 348-350). Det var nok ikkje fritt for at yngre folk på setrane berre nødigast føya seg etter denne normen, dei ville nok heller dansa og spela, særleg på laurdagskveldane (Refsum: 156). Svale Solheim spekulerar i at ein fekk sanksjonsmidlar frå overnaturlege krefter ved å henvise til hulderfolkets behov for ro på kvelden. Dette gjorde kanskje sitt til at ungdommen respektera kveldsroa i større grad, enn om det berre var eit snusfornuftig påbod dei eldre implementera.


Kjelder

Bull, F. 1956, “Seterliv i norsk diktning”, Seterliv. Den norske turistforenings årbok 1956, s. 36-52
Hodne, Ø. 1999, Norsk folketro, J.W. Cappelens Forlag as, Oslo
Ile, T. 1956, “Huldra i Norsk folketru”, Seterliv. Den norske turistforenings årbok 1956, s. 137-142
Refsum, H. 1956, “Lørdagsfriingen”, Seterliv. Den norske turistforenings årbok 1956, s. 156-163
Solheim, S. 1952, Norsk sætertradisjon, H. Aschehoug og Co, Oslo


Nyfødt kalv 18. juli