Historia til Kråkeroe-staulen

For 2000 år sidan var det høgst sansynleg fast busetnad på Kråkeroe, på denne tida og frametter vart det her drive stort med jernutvinning. Rundt om på heile eigedomen kan ein i dag sjå restar etter denne omfattande industrien. Ein veit også at det alt då vart drive ei form for landbruk på Kråkeroe.
I dei neste århundra veit ein lite om kva Kråkeore vart nytta til, men at eigdeomen i denne perioden vart nytta til jakt, fiske og landbruksdrift er vel sikkert. Jernutvinning vart det etter kvart slutt på, men det vart tatt opp att for fullt på 14-15 hundretalet. På Kråkeroe kan ein i dag finne to slags jernslagg, ein type slagg som stammar i frå tidleg jernutvinningsperiode og ein type frå tida rundt 1500 talet. Ein kan tydleg sjå forskjell på desse slaggtypene, for på 1500 talet hadde dei fått betre omnar som gav eit meire dråpeforma slagg.

Staular

Kråkeroe-eigedomen høyrde opphavleg til Skuldalen i Åmotsdal, og i dette området har det vore drive staulsdrift så og sei samanhengande frå omlag 1600 talet og fram til i dag. Det var og er mange staular som høyrde til Kråkeroe; Kråkeroe-staulen, Tangen, Søyleset, Haugeset, Dalastaul, Breidal og Sveins hytte og ein staule ein ikkje kjennar namnet på.

Eigarar og drivarar

I 1758 sel Skuldalen tri av staulane på Kråleroe; Kråkeroestaulen, Dalastaul og Haugeset for 133 dalar. Sju år seinare i 1765 kjøper Skuldaen desse staulane tilbake for 150 dalar. I 1826 sel Skuldalen heile Kråkeroe eigedomen til Rinde i Åmotsdal som igjen sel Kråkeroe i 1896 til Bøheringar. Bøheringane kjøpte ikkje bare kråkeroe, men også naboeigdeomane og dei driev i mange tiår stort med staulsdrift i området.
I 1957 var det siste året det var staulsdrift på Kråkeroe før noverande drivarar og hans familie starta opp att drifta i 1978 og dreiv fyrst i fire sommrar fram til 1981 og starta opp gjen i 1993. Tilsammen har me no drive staulsdrift på Kråkeroe i 25 sommrar.

Beiteforhold

Andres Skinnarland (1914-2010) var nabo til kråkeroe, han fortalde at han som gutunge (rundt 1920) hugsa at "gamle" folk prata om at beite på Kråkeroe og omliggande beiteområde vart rekna for å vera det beste beite som fanst i heile Telemark.

Aktivitet og husvære

Ein kan sjå at det har vore stor aktivitet gjennom hundrevis av år i området, her er mange stigar som går på kryss og tvers. Her har folk og fe vandra, mange plassar er stigane "slitne" ned 30-40 cm under bakkenivå.
På kvar av staulane på eigedomen har det stått mange hus. I dag er det bare på Kråkeroe-staulen det er att hus på, men her har tidlegare stått 7 hus. På Tangen har det stått 2 hus, Haugeset 2 hus, Breidal 1 hus, Dalastaul 3 hus inkl. eit steinfjos, Sveinhytte 1 hus, Søyleset 2 hus og ein staule utan namn med 2 hus. tilsaman 20 hus.

Drift på på slutten av 1800- og starten av 1900-talet

Så langt ein kjenner til var det så mykje som rundt 150 storfe som var på sommarbeite i desse traktene på slutten av 1800 talet. Dette krevde mange folk i arbeid. Så fort snoen hadde gått om våren starta vedhogsten og tilrettelegging av årets staulsesong. Dyra kom som regel til fjells rundt 20. juni, etter også å ha vandra i fleire mil og fleire dagar. Staulssesongen varte fram til Dyrsku'n i Seljord, andre helga i september. Det vart produsera mjølk, rjome, smør, gamalost, knåost, kvit kyost og ulike slag primostar. Til all produksjonen og oppvarminga gjekk det mykje ved, noko som gjorde til at skogen vart halde nede rundt staulane med det resultat at kulturlandskapet var mykje meir ope enn det er i dag.

Staulsdrifta har utan tvil vore ei stor og betydningsfull næring i kommunen, noko som også visast ved at det i 1786 var 515 staular i drift i Seljord kommune. I dag er det kun to staular som blir drivne, så derfor må det vera ei stor samfunnsinteresse at dei rike staulstradisjonane vert halde i hevd.


Kyr i morgondis