Knåost

Knåost er laga av skumma sur mjølk, og ystas så fort mjølka er sur. Etter ysting og avrenning blir osten ”myla” opp i små partiklar og satt til gjæring under jamn temperatur og fuktigheit i 3-5 dagar.
Når ostemassa er ferdig ”gjort” blir den koka opp med vatn og bitte litt fløte, og tilsatt karve og salt. Dette gjev ein til dels smørbar ost med karvesmak. Knåosten er ein typisk Telemarksost som var vanleg på dei fleste gardar i Telemark før i tida, den er omtala heilt tilbake til 1780 åra. I dag er det svært få som produsererar denne bortimot fettfrie og proteinrike osten, som framleis er svært populær og ettertrakta i Telemark.